bilde av sygard forberg

Gardsutsal med kortreist mat

Sygard Forberg har eige gardsutsal med mandelpotet, gulrot og kålrot frå eigen gard. Meir kortreist mat enn dette får du neppe.

Bilde av gammel rive på sygard forberg

Poteter og filosofi

Her kan du lesa om livet på garden slik vi som bur på Sygard Forberg opplever det.

Kanskje det bur ein liten filosof i deg også? I så fall vil du heilt sikkert gle deg over dei filosofiske tankane som Sæbjørn deler i bloggen.

Om Sygard Forberg

Sygard Forberg ligg i Norges største nasjonalparkkommune, Skjåk.

Garden ligg i ei grend med gammal busetnad. På grannegarden er det faktisk gjort gravfunn frå yngre jernalder (700-talet).

I dag blir om lag 30 daa på Sygard Forberg brukt til potetproduksjon. Mesteparten er mandelpotet, men det blir også dyrka litt trollpotet. Det blir også dyrka gulrot og litt kålrot, i tillegg til at bygg er under innarbeiding som vekstskifte med potet.

Garden har eige gardsutsal der du har høve til å kjøpe det som blir dyrka på garden. Meir stuttreist får du det ikkje.

Her kan du lese meir om historia til garden

Her finn du Sygard Forberg

Sygard Forberg

Gardsutsal

Pin It on Pinterest