I sommar har den gamle steinbua ved Forbergstjønnen vorte restaurert. Det er litt usikkert kor gamal bua er, men under restaureringsarbeidet kom det fram ein stein nedst i muren med nokre forbokstavar og eit årstal. Dei to første sifra i årstalet er tydeleg 18. Det siste sifferet er 7. Spørsmålet er om det tredje sifferet er 2, 3, 5, eller 8. Ved å bruke kritt eller noko liknande, vil dette bli bestemt seinare. Men mest sannsynleg er det snakk om 8, slik at bua vart mura i 1887.
Steinbua vart sikkert mura som «anleggsbrakke» i samband med dambygging. På Forbergtjønnen er det til saman tre oppsamlingsdammar for vatningsvatn. I tillegg er det ein fjerde dam rett innanfor Fjuklia der Nørdre og Søre Fjuken fell ned mot bygda. Denne dammen er klart den eldste, men vi har inga datering. Mest sannsynleg vart han bygd ein eller annan gong tidleg på 1700-talet.
Steinbua ligg ved den fremste av demningane ved sjølve Forbergtjønnen. På grunn av kort «arbeidsveg», er det grunn til å tru at denne dammen har om lag same alder som steinbua – altså seint 1880-tal. Noko som talar for tidlegare datering, er at denne demningen har ei meir primitiv lukkemekanisme enn dei andre demningane. I denne dammen er lukehuset mura i sjølve demningen. Dei andre dammane har separate lukehus mura på innsida av demningen.
Inste dammen veit vi er frå 1801, for der er det reist ei steinhelle med årstal og initialane til dei som tok del i arbeidet. Det heiter seg at denne dammen vart oppgjeven pga. lekkasje.
Dammen i midten er framleis i bruk. Årstalet 1900 er inngravert i mutteren på tappemekanismen. I ein søknad til Landbruksdepartementet datert 1924, om tilskot til utbetring og høgding av dammen, står det at demningen vart påbygd i 1900. Altså var det ein eldre dam på same stad før 1900. Arbeida i 1900 vart visstnok leia av Østen Toresson Teigum, betre kjend som Kveinn Østen. Han var fødd i 1833. Søknaden til departementet i 1924 vart avslegen. (Lenke til bilete av Kveinn Østen https://digitaltmuseum.no/021016897948/fra-ofossen-ysteri-ca-1917)
Nørdre og Søre Fjuken er kunstige bekkar. Frå den regulerte tjørna går grova først i naturleg far mot bygda. I ei ur i bekkefaret ovanfor garden Skei, stikk Skeisfjuken ut og renn ned mot Bismo, Resten av vatnet blir vendt søraustover med ei vassveit mot Forbergsgardane.
Etter vel ein kilometer passerer vatnet gjennom den eldste dammen nesten framme på Bispberget. (Sjå ovanfor.)
Vel gjennom dammen blir bekken delt i to like delar. Nørdre Fjuken går til Mogard (Systun Forberg) og Nordigard Forberg. Søre Fjuken renn ned mot Nordistun og Sygard Forberg.
Frå delinga går det merka stig gjennom Skåret ned mot Sygard Forberg og Ofossen.
Delingskasse. Ca 120 høgdemeter over Ottaelva blir Sør Fjuken delt i like delar mellom Nordistun og Sygard Forberg.