IKKJE LENGER OG ENNÅ IKKJE
Den beste uleselege boka slepper ikkje taket. I alle fall ikkje før eg har prøvd å skrive henne av meg. Derfor dette ved nyttår:
Seint på våren fann eg fram Vergils Død (1945) av Hermann Broch (1886-1951) frå samlinga av heil- og halvgløymde bøker kjøpt på Mammut. For andre, tredje eller fjerde gong. Men denne gongen vart det alvor, og eg kom gjennom. Rett nok ikkje før seinhaustes, i midten av november. Ikkje slik at eg har brukt vår, sommar og haust på boka. Lesinga var stykkevis, litt nå og litt da, alt ettersom stemninga og om teksten opna seg eller ikkje. Mange gonger fall keisemda på etter berre nokre avsnitt, og eg ramla ut eller duppa av. Eg kan derfor ikkje seie at eg har lese heile boka, jamvel om eg har vore gjennom alle dei 447 sidene i Sverre Dahls bragd av ei omsetjing til norsk. Av det som er lese stykkevis, er mestparten dessutan berre stykkevis forstått. Det synest eg faktisk på ein måte er heilt ok, for Vergils død er ikkje skriven for å vere ei alminneleg tidtrøyte bok, der ei samanhengande forteljing frå byrjing til slutt på blir bretta ut på kunstferdig vis. Vergils død er tvert om ei bok som er skriven medvite om at slike bøker ikkje kan vere på høgde korkje med conditio humana eller dikting i våre hundreår.
Kva slag bok er så Vergils død? Det det ikkje er tvil om er at boka er ein modernistisk roman av første rang. Oppbrot, framandgjering og «stream of conciousness». Draum og røyndom glir over i kvarandre. Språket i seg sjølv blir tema og problem, med grenselaus vilje til å eksperimentere med form og uttrykk. Broch er såleis i godt selskap med andre høgmodernistar, slike som Joyce, Faulkner, Pessoa, T.S. Eliot og Pirandello. På sine vis slitsame karar å lese alle saman.
Sjølve rammeforteljinga i Vergils død er likevel greifaren nok. Romanen handlar om det siste døgnet av livet til den romerske diktaren Publius Vergilius Maro, frå han stig i land i Brundisum ein septemberdag i år 19 f. Kr til han døyr i same by atten timar seinare, i eit rom på palasset til venen Octavian/keisar Augustus. Altså ikkje eitt døgn i Dublin, som hos Joyce, men eitt døgn i dagens Brindisi.
Boka fell i fire delar. Første del Vann – Ankomsten handlar om ferda til den febersjuke og allereie dødsmerkte Vergil, frå Athen over Adriahavet til Brundisum, korleis han kjem i land der og blir boren gjennom eit folkehav i spott og hån opp Elendesmauet til keisarens palass.
Andre del er Ild – Nedstigningen. Denne bolken brettar ut korleis Vergil i feberilske og grimme hugsyner gjennomlever siste natta på rommet i keisarens palass. Ei natt der Vergil i tvil, talme og flimmer flakkar gjennom livet han har levd. Himmelrømd og jordeliv flyt i eitt, og dialogar med førestilte personar – slike som den tidlegare elskarinna Plotia og slaveguten Lysanias – faldar seg ut.
Tredje del Jord – Forventningen er meir nedpå og edrueleg. Frampå morgonsida slepper feberen mellombels taket og diktarvenene Plotius Tucca og Lucius Varius kjem på vitjing. Etter kvart gjer også sjølve keisaren entré. Besøket frå Augustus utviklar seg til ein ordstrid om poetikk og politikk. Særleg om avgjerda Vergil tok natta før om å brenne Æneiden fordi diktverket ennå var uferdig og ufullkome. Boka som vart romersk nasjonalepos og latinpensum i to tusen år fram til våre dagar. Keisaren både trugar og overtaler Vergil til å gje opp planen om å få Æneiden brent. Verket blir i staden overlate i venene Tuccas og Varius varetekt.
Fjerde og siste del er Eter – Hjemreisen. Emnet her er siste ferda bort etter at Vergil er død. Dette er det mest grenseprengande stykket prosa eg nokon gong har lese. Vergil er på nytt om bord i eit skip, der han seglar i paradoksal stillstand og framdrift, og der dimensjonane rom og tid utvidar seg og kverv fram til grensa for erkjenning og språk er nådd. Jamvel eit drygt stykke lengre enn dit, vil dei fleste meine!
Dette er ei reise attende til Paradiset med open retur. Genesis blir køyrd baklengs heilt fram til: «Da fikk han snu seg, da kom befalingen om å snu seg, da snudde han seg. Uendelig forvandlet intetheten seg da for hans igjen seende øye og ble til det værende og det som hadde vært, uendelig utvidet det seg igjen til tidssirkel, slik at sirkelen, som var blitt uendelig, igjen lukket seg: uendelig var himmelkretsen, uendelig himmelens kuppel som igjen hvelvet seg, uendelig verdens uendelige skjold, kantet av den syvfarvede buen i uendelig erindring. [……] Midtpunktets sprudlende brønn, usynlig lysende i umåtelig vitensangst: Intetheten fylte tomheten og ble til altet. […..] …. ordet svevet over altet, svevet over intetheten, svevet hinsides det som kunne uttrykkes og det som ikke kunne uttrykkes, og han, overveldet av bruset og omfattet av bruset, han svevet med ordet, men jo mer det hyllet ham inn, jo mer han trengte inn i den strømmende klangen og ble gjennomtrengt av den, desto mer uoppnåelig og større, desto mer vektig og bortsvevende ble ordet, et svevende hav, en svevende ild, havtungt og havlett, allikevel fremdeles ord: Han kunne ikke fastholde det; ufattelig uutsigelig var det for ham, for det var hinsides språket.»
Desse utdraga frå dei siste sidene av boka er eit typiske døme på kva slag tekst Vergils død er. Ufattelig, uutsigelig og bortanfor språk som kan bere meining; kva er det da som gjer Vergils død til ei god bok? I min medvitsstraum melder desse framlegga seg:
Om ikkje anna, er Vergils død ein vakker tekst, der prosa heile vegen gjennom skrid over i poesi. Dei estetiske kvalitetane til teksten målber dessutan trå etter erkjenning. Strev og gir etter det å vite og smerta dette strevet fører med seg. Slik er Vergils død meir ei lyrisk metafysikk bok enn ein roman. Det boka balar med er dei første og siste spørsmål om kva som er og kva som kan vere, der modernismens formspråk blir prøvd ut for å sjå kva det kan yte i forhold til desse spørsmåla.
«Evig skapingsgir og sfæresong» kling gjennom boka. Der språket ikkje strekk til, tek det reint tonale og atonale over. Det er mykje lyd i Vergils død. Røynlege og innbilte røyster er det mange av, og under og bortanfor desse røystene ljomar mumling og dur. Mest slik eit radioteleskop kan oppfatte lyden av der Urknall.
Himmelrømd og lyd frå fjerne stjernehopar er likevel berre eit moment i den altomfemnande syntesen Vergils dødemnar på, for boka er også ei høgst jordisk bondebok bondesonen Vergil verdig. Eg legg ut eit sitat til:
«Kommende fra det skjebneløse, førende inn i det skjebneløse, knapt overlatt til tilfeldigheten, rett ved skjebnekanten, ved kanten av søvnen går bondens vei; lykkes hans bønn, den tilfeldigshetsløsende, er jord, plante og dyr skjebneløse for ham, og selv om han kanskje bare ser stjernene når han kjører til markedet eller må ta seg av en kalvende ku om natten, selv om han også straks faller tilbake til sine netters og dagers drømmeløs-lyse søvntilstand, forblir han elskende knyttet til det skjebneløse som han som glatt gyllent korn lar renne mellom fingrene, som han med forsiktig strykende hånd berører dyrets pels, som han med smuldrende grep utprøver som fruktbar jord, så elskende, så erkjennende, å, det omfatter jord, dyr og frukt i så høy grad at han selv omfattes, fastholdes og reddes av elskende-erkjennende hånd, hvilende holdt av denne hånd som lukker seg rundt ham og åpner seg med årets og dagens tider ……» (s.214-15).
Gud eller naturen panteisme i tapping av tysk idealisme ym såleis gjennom Vergils død. Men vrengebildet av denne idealismen, nasjonalsosialismen, råkar Hermann Broch og fører han til utlegd i USA under og etter andre verdskrig. Som austerrikar av jødisk ætt og med entartete bøker på samvitet, kom Hermann Broch snøgt under lykta til makthavarane i Det tredje riket.
I USA vanka Hermann Broch saman med Hannah Arendt og andre tyskspråklege intellektuelle med same lagnad. Arendt publiser i 1949 ein artikkel i Kenyon Review om forfattarskapen til Broch som fyller ut det metafysiske framlegget som vart rissa opp framanfor. Det Arendt peikar på er spenninga som ligg i overgangen mellom «no longer and not yet». Den snart utopiske, snart dystopiske, spenninga mellom det som ikkje lenger er og det som ennå ikkje er, men som kanskje kan bli. Dette perspektivet kan vi leggje på både tida da Vergils død går føre seg, på Hermann Brochs eige liv og levetid, så vel som på vår eiga samtid.
Vergils død er lagt til ei omskipingstid, rett etter den romerske republikkens fall – idus martiae – og innføringa av keisarmakta. Dessutan skjer dette ved Kristi fødsel og byrjinga av vår tidsrekning. Ein tidbolk blir attlaten og ein ny opna opp.
Livet til Hermann Broch var også prega av oppbrot og nybrot. Broch sjølv var etla til å ta over familieføretaket og utdanna seg først til ingeniør. Etter ei tid selde han verksemda for å vie seg til studiar i naturvitskap, matematikk og filosofi. Heller ikkje dette gav han fullt ut det han søkte etter, noko som førte han til litteraturen og diktinga, og som til slutt vart krona med verket Vergils død.
Det er nyttår. Året 2021 er ikkje lenger. Året 2022 er ennå ikkje. Godt år!