Sal og distribusjon av elektrisitet har endra seg fullstendig frå plan til marknad sidan energiloven vart vedteken i 1991. Kraftkrisen vi opplever i venter reiser spørsmålet om og korleis det eventuelt er mogleg å gå andre vegen. Er det mogleg å gå frå marknad til plan utan å hive ut barnet med badevatnet. Altså ikkje hive ut den økonomiske innsikta at marknadsprisar i røynda er informasjon om tilgangen på relativt knappe gode med alternativ bruk.
Eg held ikkje med dei som meiner at elektrisitet ikkje er ei vare, men det er ikkje å nekte for at vi snakkar om ei vare med særmerkte eigenskapar. Eg kjem på tre i farten: For det første, i fråvere av meir utvikla batteriteknologi/lagringskapasitet, er elektrisitet ferskvare når han først er produsert. Det gjeld også norsk vasskraft når vatnet først er slept på turbinane. I lys av dette er det fornuftig/effektivt med samkøyring mellom ulike energisystem og regionar. Men er børsen/Nord Pool ein forstandig mekansime til å styre dette, med dei «jojo prisane» vi opplever nå om dagen?
(Tankane går til Leon Walras og hans omgrep «tatonnement» – famling – for korleis marknadsprisar blir danna.)
For det andre er, i alle fall i våre samfunn, elektrisitet det vi kan kalle eit primærgode i John Rawls forstand. Altså eit gode vi treng utan omsyn til kva for gode vi elles treng. Her kjem dei negative fordelingsverknadene dagens spuriøse el-prisar fører til mellom personar, næringar og landsdelar til uttrykk. Toleevna med omsyn til «straumsjokk» er jo som alle veit ulikt fordelt.
For det tredje, er den norske vasskrafta ei grunnrente maskin utan sidestykke. Prisen for konsesjonskraft er i år sett til 11,59 øre for verk bygt etter 1959 -for eldre verk er prisen enda lågare – noko som seier det meste om den saka! Vasskraftverka temmer det som i romarretten vart kalla res communis. Dvs. slikt som strøymer – rennande vatn, vind, sol og luft – og som ingen utan vidare (teknologi) kan halde fast som privat eigedom (res privatae). Gudskjelov og takk for at det aller meste av vasskrafta her til lands er eigd at stat og kommunar, men – jf. ovanfor – å dra inn skatt over straumprisen er like lite målretta som det er usosialt.
Det eg meiner er at vi treng stabil og føreseieleg pris på elektrisitet, saman med politiske stimuli, som løyser ut ENØK tiltak og investering i ny fornybar energi. Prisen bør nok liggje høgare enn «langtids grensekostnad» for utbygging av ny vasskraft, slik vi lærte på «sos-øk» tidleg på 1980-talet. Dersom vi ser bort frå Ukraina, Taiwan, Iran, pandemi, trugande inflasjon, folkestyre på bogne bein og anna ugreie, er vår tids Scylla og Charybdis djupast sett klimakrise og tap av naturmangfald. Vi må ikkje segle i inn kjeftane på det eine uvettet for å unngå å bli gløypte i malstraumen til det hitt. Energiprisane bør mao. spegle langsiktige klima og miljøkostnader, og ikkje berre myoptisk tilbod og etterspurnad «one day ahead». Marknadskrefter og børs blir helst for einvise til å makte stable opp eit slikt prisregime åleine. Plan og politikk med syn for fordelingsverknader må også til. Det politiske pakke klatteriet må ta slutt!