Ikkje lenger og ennå ikkje

 

IKKJE LENGER OG ENNÅ IKKJE

Den beste uleselege boka slepper ikkje taket. I alle fall ikkje før eg har prøvd å skrive henne av meg.  Derfor dette ved nyttår:

Seint på våren fann eg fram Vergils Død (1945) av Hermann Broch (1886-1951) frå samlinga av heil- og halvgløymde bøker kjøpt på Mammut.  For andre, tredje eller fjerde gong.  Men denne gongen vart det alvor, og eg kom gjennom.  Rett nok ikkje før seinhaustes, i midten av november.  Ikkje slik at eg har brukt vår, sommar og haust på boka.  Lesinga var stykkevis, litt nå og litt da, alt ettersom stemninga og om teksten opna seg eller ikkje.  Mange gonger fall keisemda på etter berre nokre avsnitt, og eg ramla ut eller duppa av.  Eg kan derfor ikkje seie at eg har lese heile boka, jamvel om eg har vore gjennom alle dei 447 sidene i Sverre Dahls bragd av ei omsetjing til norsk.   Av det som er lese stykkevis, er mestparten dessutan berre stykkevis forstått.  Det synest eg faktisk på ein måte er heilt ok, for Vergils død er ikkje skriven for å vere ei alminneleg tidtrøyte bok, der ei samanhengande forteljing frå byrjing til slutt på blir bretta ut på kunstferdig vis.  Vergils død er tvert om ei bok som er skriven medvite om at slike bøker ikkje kan vere på høgde korkje med conditio humana eller dikting i våre hundreår.

Kva slag bok er så Vergils død?  Det det ikkje er tvil om er at boka er ein modernistisk roman av første rang. Oppbrot, framandgjering og «stream of conciousness».  Draum og røyndom glir over i kvarandre.  Språket i seg sjølv blir tema og problem, med grenselaus vilje til å eksperimentere med form og uttrykk.  Broch er såleis i godt selskap med andre høgmodernistar, slike som Joyce, Faulkner, Pessoa, T.S. Eliot og Pirandello.   På sine vis slitsame karar å lese alle saman.

Vergil

 

Sjølve rammeforteljinga i Vergils død  er likevel greifaren nok.  Romanen handlar om det siste døgnet av livet til den romerske diktaren Publius Vergilius Maro, frå han stig i land i Brundisum ein septemberdag i år 19 f. Kr til han døyr i same by atten timar seinare,  i eit rom på palasset til venen Octavian/keisar Augustus.   Altså ikkje eitt døgn i Dublin, som hos Joyce, men eitt døgn i dagens Brindisi.

Boka fell i fire delar.  Første del Vann – Ankomsten handlar om ferda til den febersjuke og allereie dødsmerkte Vergil, frå Athen over Adriahavet til Brundisum, korleis han kjem i land der og blir boren gjennom eit folkehav i spott og hån opp Elendesmauet til keisarens palass.

Andre del er Ild – Nedstigningen.   Denne bolken brettar ut korleis Vergil i feberilske og grimme hugsyner gjennomlever siste natta på rommet i keisarens palass.  Ei natt der Vergil i tvil, talme og flimmer flakkar gjennom livet han har levd.  Himmelrømd og jordeliv flyt i eitt, og  dialogar med førestilte personar – slike som den tidlegare elskarinna Plotia og slaveguten Lysanias – faldar seg ut.

Tredje del Jord – Forventningen er meir nedpå og edrueleg.  Frampå morgonsida slepper feberen mellombels taket og diktarvenene Plotius Tucca og Lucius Varius kjem på vitjing.  Etter kvart gjer også sjølve keisaren entré.  Besøket frå Augustus utviklar seg til ein ordstrid om poetikk og politikk.   Særleg om avgjerda Vergil tok natta før om å brenne Æneiden fordi diktverket  ennå var uferdig og ufullkome.  Boka som vart romersk nasjonalepos og latinpensum i to tusen år fram til våre dagar.  Keisaren både trugar og overtaler Vergil til å gje opp planen om å få Æneiden brent.  Verket blir i staden overlate i venene Tuccas og Varius varetekt.

Fjerde og siste del er Eter – Hjemreisen.   Emnet her er siste ferda bort etter at Vergil er død.   Dette er det mest grenseprengande stykket prosa eg nokon gong har lese. Vergil er på nytt om bord i eit skip, der han seglar i paradoksal stillstand og framdrift, og der dimensjonane rom og tid utvidar seg og kverv fram til grensa for erkjenning og språk er nådd.  Jamvel eit drygt stykke lengre enn dit, vil dei fleste meine!

Dette er ei reise attende til Paradiset med open retur.  Genesis blir køyrd baklengs heilt fram til: «Da fikk han snu seg, da kom befalingen om å snu seg, da snudde han seg.  Uendelig forvandlet intetheten seg da for hans igjen seende øye og ble til det værende og det som hadde vært, uendelig utvidet det seg igjen til tidssirkel, slik at sirkelen, som var blitt uendelig, igjen lukket seg: uendelig var himmelkretsen, uendelig himmelens kuppel som igjen hvelvet seg, uendelig verdens uendelige skjold, kantet av den syvfarvede buen i uendelig erindring.  [……]   Midtpunktets sprudlende brønn, usynlig lysende i umåtelig vitensangst: Intetheten fylte tomheten og ble til altet.   […..]   ….  ordet svevet over altet, svevet over intetheten, svevet hinsides det som kunne uttrykkes og det som ikke kunne uttrykkes, og han, overveldet av bruset og omfattet av bruset, han svevet med ordet, men jo mer det hyllet ham inn, jo mer han trengte inn i den strømmende klangen og ble gjennomtrengt av den, desto mer uoppnåelig og større, desto mer vektig og bortsvevende ble ordet, et svevende hav, en svevende ild, havtungt og havlett, allikevel fremdeles ord: Han kunne ikke fastholde det; ufattelig uutsigelig var det for ham, for det var hinsides språket.»

Desse utdraga frå dei siste sidene av boka er eit typiske døme på kva slag tekst Vergils død er.    Ufattelig, uutsigelig og bortanfor språk som kan bere meining; kva er det da som gjer Vergils død til ei god bok?  I min medvitsstraum melder desse framlegga seg:

Om ikkje anna, er Vergils død ein vakker tekst, der prosa heile vegen gjennom skrid over i poesi.  Dei estetiske kvalitetane til teksten målber dessutan trå etter erkjenning.  Strev og gir etter det å vite og smerta dette strevet fører med seg.    Slik er Vergils død meir ei lyrisk metafysikk bok enn ein roman.  Det boka balar med er dei første og siste spørsmål om kva som er og kva som kan vere, der modernismens formspråk blir prøvd ut for å sjå kva det kan yte i forhold til desse spørsmåla.

«Evig skapingsgir og sfæresong» kling gjennom boka.  Der språket ikkje strekk til, tek det reint tonale og atonale over.  Det er mykje lyd i Vergils død.  Røynlege og innbilte røyster er det mange av, og under og bortanfor desse røystene ljomar mumling og dur.  Mest slik eit radioteleskop kan oppfatte lyden av der Urknall.

Hermann Broch

 

Himmelrømd og lyd frå fjerne stjernehopar er likevel berre eit moment i den altomfemnande syntesen Vergils dødemnar på, for boka er også ei høgst jordisk bondebok bondesonen Vergil verdig.  Eg legg ut eit sitat til:

«Kommende fra det skjebneløse, førende inn i det skjebneløse, knapt overlatt til tilfeldigheten, rett ved skjebnekanten, ved kanten av søvnen går bondens vei; lykkes hans bønn, den tilfeldigshetsløsende, er jord, plante og dyr skjebneløse for ham, og selv om han kanskje bare ser stjernene når han kjører til markedet eller må ta seg av en kalvende ku om natten, selv om han også straks faller tilbake til sine netters og dagers drømmeløs-lyse søvntilstand, forblir han elskende knyttet til det skjebneløse som han som glatt gyllent korn lar renne mellom fingrene, som han med forsiktig strykende hånd berører dyrets pels, som han med smuldrende grep utprøver som fruktbar jord, så elskende, så erkjennende, å, det omfatter jord, dyr og frukt i så høy grad at han selv omfattes, fastholdes og reddes av elskende-erkjennende hånd, hvilende holdt av denne hånd som lukker seg rundt ham og åpner seg med årets og dagens tider ……»  (s.214-15).

Gud eller naturen panteisme i tapping av tysk idealisme ym såleis gjennom Vergils død.  Men vrengebildet av denne idealismen, nasjonalsosialismen, råkar Hermann Broch og fører han til utlegd i USA under og etter andre verdskrig.   Som austerrikar av jødisk ætt og med entartete bøker på samvitet, kom Hermann Broch snøgt under lykta til makthavarane i Det tredje riket.

Hannah Arendt

I USA vanka Hermann Broch saman med Hannah Arendt og andre tyskspråklege intellektuelle med same lagnad.  Arendt publiser i 1949 ein artikkel i Kenyon Review om forfattarskapen til Broch som fyller ut det metafysiske framlegget som vart rissa opp framanfor.   Det Arendt peikar på er spenninga som ligg i overgangen mellom «no longer and not yet».  Den snart utopiske, snart dystopiske, spenninga mellom det som ikkje lenger er og det som ennå ikkje er, men som kanskje kan bli.  Dette perspektivet kan vi leggje på både tida da Vergils død går føre seg, på Hermann Brochs eige liv og levetid, så vel som på vår eiga samtid.

Vergils død  er lagt til ei omskipingstid, rett etter den romerske republikkens fall – idus martiae – og innføringa av keisarmakta.  Dessutan skjer dette ved Kristi fødsel og byrjinga  av vår tidsrekning.  Ein tidbolk blir attlaten og ein ny opna opp.  

Livet til Hermann Broch var også prega av oppbrot og nybrot.  Broch sjølv var etla til å ta over familieføretaket og utdanna seg først til ingeniør.  Etter ei tid selde han verksemda for å vie seg til studiar i naturvitskap, matematikk og filosofi.  Heller ikkje dette gav han fullt ut det han søkte etter, noko som førte han til litteraturen og diktinga, og som til slutt vart krona med verket Vergils død.

Det er nyttår.  Året 2021 er ikkje lenger. Året 2022 er ennå ikkje.  Godt år!

 

Påskebloggen sju bøker

Handbok i livskunst

Dag 1: 7 bøker, 7 bokomslag, 7 dagar, punktum.  Utfordra av Ivar Teigum, går eg i gang med deling av bokbilete, men da med uttrykt forsett om å bryte sjangerkrava.  I alle fall det om «punktum».  For å gje meining, må noko seiast om både valet og boka, synest nå eg.  Dvs. første bok ut vart plukka ut på rein slump.  Eg gjekk til hyllene for å finne bøker, og der stod brått, uventa og gløymt stoikaren Epiktets Handbok i livskunst.  Etter eiga innskrift kjøpt i 2008 og – til for to dagar sidan – ulesen …..   Ei bok for koronaens tid, der det tilvante har kome på flòt, og der historiske endringar med uvisst utfall på kort og lang sikt sviv i lufta.

Det Norske Samlaget gav ut Handbok i livskunst første gong i 1927 i serien Klassiske bokverk.  Første utgåva var omsett frå gresk av Bjarne Skard.  Til andre utgåva frå 2008 har Jon Hellesnes skrive ei grundig innleiing om Epiktet og stoisismen.  Høgst leseverdig i seg sjølv.

 

 

Den evige fred

Dag 2: 7 bøker, 7 bokomslag, 7 dagar, punktum.  Dette eksemplaret av Kants Den evige fred vart attfunne da vi for eit par tiår sidan dreiv vedlikehaldsarbeid på loftet.  Den tyske originalen Zum ewigen Frieden kom ut i 1795 – rett før Napoleonskrigane!  Den norsk-danske utgåva avbilda her er utgjeven i 1889 i serien Bibliothek for de tusen hjem.  Bak denne serien med billege kvalitetsbøker stod forretningsmannen, forleggaren og filantropen Johan Sørensen (1830-1918).  Bibliothek for de tusen hjem tel i alt 120 titlar utgjevne i perioden 1887-1898.  Samla opplag var over 600 000 bøker.

Den evige fred er evig aktuell og dessverre – er det likt til – like evig utopisk. Ei grei samanfatning av innhaldet er å finne t.d. hos Dag Michalsen: Rett. En internasjonal historie, side 423 ff.  Heider til forfedrane som heldt seg med slike bøker og ei åtvaring til samtida om ikkje å køyre i den nasjonalistiske grøfta ein gong til!

 

Fyrsten

Dag 3: 7 bøker, 7 bokomslag, 7 dagar, punktum.  Eg måtte leite lenge etter Fyrsten, der han – sløge kroppen – hadde gøymt seg i bokhylla mellom Pico della Mirandola og Hobbes.  Niccolò Machiavelli (1469-1527) blir gjerne rekna som den første moderne politiske tenkjaren om staten som (legitimt) valdsmonopol.  Samstundes er han pga. boka Fyrsten den mest utskjelte og kanskje også den mest misforståtte politiske tenkjaren fram gjennom historia.  Sjølv er han ikkje skuldlaus i å bli sedd på som medlaupar for djevelen – Old Nick.  Ein av dei mest notoriske passasjane i Fyrsten går omtrent slik (mitt forsøk på omsetjing frå engelsk): «Er det betre å bli elska enn frykta, eller omvendt?  Svaret er at ein helst vil bli begge delar, men fordi det er vanskeleg å stille saman elsk og frykt, er det langt betre å bli frykta enn elska i fall ein ikkje også blir frykta.  Med menneskja er det slik at dei er utakksame, ulydige, uærlege og svikefulle, dei bøyer unna for fare og er drivne av pengehækne og griskleik.  …  Kjærleik er eit truskapsband som desse skrøpelege slaurane slit av når det passar dei best, medan frykta allstøtt held dei fast i otte for hardhendt straff.»  Men dette er langt frå den heile Machiavelli.  Hovudverket hans Discorsi fyller ut og peikar i andre retningar, og da særleg attende mot den romerske republikken.  Emnet i Fyrsten er politisk stabilitet og korleis herskaren med makt, kløkt og handlekraft (virtù) må gå fram for å tryggje just det.  I Discorsi er «vivere sicuro» tufta på politisk stabilitet berre eit steg på vegen mot «vivere libero», eller politisk fridom.  Dvs. ein stat som borgarane sjølve gjennom deltaking, truskap og lovgjeving reier grunnen for republikansk fridom – i forum og på agora.

God påske!

 

Republikanisme

Dag 4: 7 bøker, 7 bokomslag, 7 dagar, punktum.  Eitt steg attende og to steg fram.  Omslagsdelinga i går av Machiavellis Fyrsten tok oss eit drygt steg frå renessansen attende til antikken og slike karar som Cicero, Seneca og – han som eg byrja med tre dagar sidan – Epiktet.  Nå er det dags for å ta to steg fram, frå gamletida, over i nytida og fram til politisk tenking i samtida.  Philip Pettit er ein av fleire som i seinare år har levert vektige bidrag til å vekkje opp att republikansk politisk tenking med røter i det gamle Roma. (NB! Dagens republikanisme og trumpisme i USA er beint fram eit vrengjebilete av republikanismen det er snakk om her!!) I Republicanism (1997) og seinare bøker, har Pettit arbeidd fram ei politisk tenking tufta på fridom, likskap og konstitusjonell maktdeling.  Kjernen i posisjonen er omgrepet fridom som ikkje-dominans og fråvere av vilkårleg makt.  Pettit klårlegg omgrepet fridom som ikkje-dominans ved å setje dette opp mot omgrepa negativ og positiv fridom, slik desse vart prega i Isaiah Berlins vidspurde essay Two Concepts of Liberty (1958).  Gjeve liberalismens formale mantra om at kvar borgar har krav på den største settet av fridomar konsistent med like store fridomar for alle borgarar, blir statens fremste oppgåve å hegne om dette største settet av fridomar for den enkelte.  Fridomen blir dermed avgrensa negativt på det viset at kvar og ein skal vere fri til å meine og handle som ho eller han tykkjest best, i det monn at andres fridom ikkje blir krenkt.  Den positive forståinga av fridom, derimot, dreg i tvil tanken om at vi utan vidare er frie når vi agerer i samsvar vårt eige tykke.  Snarare blir det hevda at vi er frie i positiv forstand når vi ter oss i samsvar med bestemte felles ideal, tradisjonar, normer og verdiar.   Den positive oppfatninga av fridom finn vi typisk innanfor ymse former for kommunitarisme som står i gjeld til Rousseau, og som vi har blodig historisk erfaring for kan skeie ut i det totalitære når dialektikken mellom «volonté tous» og «volonté generale» sporar av.

Republikansk fridom, som fråvere av vilkårleg tvang, stikk ut ein tredje veg mellom negativ og positiv fridom.  Fridom som ikkje-dominans er negativ i og med at borgarane har krav på vern mot den vilkårlege tvangen asymetriske maktforhold gjerne går svanger med.   På den andre sida, er fridom som ikkje-dominans positiv ved å hevde at handling i samsvar med demokratisk gjevne lover, de facto opnar for sivilisert samhandling og gjer borgarane frie.  Demokratisk tyder her at den negative grunnhåtten i republikansk fridom trumfar den positive.  Lovene må både vere gjevne og handheva utan vilkårleg tvang og maktbruk.  Dessutan må makdelingsprinsippet vere aktivt og pressa fri og uavhengig.

Påskenøtt: Korleis står «koronaloven» seg i forhold til dei tre fridomsomgrepa skissert ovanfor?

 

 

Langpoteta alias mandelpoteta

Dag 5: 7 bøker, 7 bokomslag, 7 dagar, punktum.  Etter fire dagar med luftig snakk om krig og fred og politikk og sånt, må vi kome oss nedpå og få oss mat. Korona eller ikkje korona, ein lyt leva i kvardagen òg. Men for at landinga ikkje skal bli hard, tek vi oss varsamt ned med eit nesten po(t)etisk sitat frå boka Immanuel Kant skreiv om naturforskaren, metafysikaren og den religøse fantasten Emanuel Swedenborg (1688-1772):

«Før vandra vi som Demokrit i tomme rommet, dit metafysikkens sommarfuglevengjer hadde lyfta oss, og der vi samtala med åndelege figurar.  Nå, som sjølverkjenningas reinsande kraft har falda silkevengjene saman, står vi på nytt på erfaringas og forstandens grunn. Lukkelege kvar gong vi åtgår staden som er gjeven oss, og som vi aldri ustraffa kan gå bort ifrå.  Staden som inneheld alt som kan stette vår trong, så lenge vi held oss til det som er oss til gagn.» (Forsøkt omsett frå tysk).

Dagens bok, eller rettare hefte, av Unni-Lise og Ola Jonsmoen om langpoteta, alias mandelpoteta, står støtt på eigne bein og treng ikkje nærare omtale.  Her er det «potetgull» på kvar side:

«Les ikkje denne boka i eitt glefs.  Det er ikkje sunt å vere glupsk.  Da får du enten problem med magen eller sjela, som kanskje nettopp sitt i magen.  Vi veit lite om sjel, men mye om potet.»

«Gå ikkje på dans med stor langpotet i bukselomma.  Det kan mistydas.  Legg poteta frå deg i garderoben.  Da er du på den sikre sida.»

 

 

Etikk og økonomikk

Dag 6: 7 bøker, 7 bokomslag, 7 dagar, punktum.

Med boka An Essay on the Nature and Significance of Economic Science (1935) set Lionel Robbins (1898-1984) i sirkulasjon den gjengse definisjonen av faget økonomi/økonomikk.  «In pure Economics we examine the implication of the existence of scarce means with alternative uses», skriv Robbins.  I same boka hevdar han at økonomikk er klårt skilt frå etikk, og at det ikkje synest logisk mogleg å sameine desse to disiplinane.  Økonomikk og etikk lyt utviklast kvar for seg.  Åttifem år etter at Robbins gav ut «An Essay», ter kanskje desse synspunkta seg som nokså opplagte.  Økonomikk som teknokratisk ingeniørkunst har jo hatt relativ suksess i denne perioden, og det logisk positivistiske tankegodset denne kunsten byggjer på har – trass i alle feil og manglar – synt seg å vere fruktbart.

At «samfunnsingeniørane», med sine matematiske jamveksmodellar, gradvis vann hegemoni innanfor økonomikken utetter i det tjugande hundreåret, representerer likevel eit tradisjonsbrot.  Før ideane til folk som Leon Walras (1834-1910) og eleven hans, Vilfredo Pareto (1848-1923) – begge opphavleg utdanna ingeniørar  – slo gjennom, var det tett samband mellom etikk og økonomikk.  Schon Aristoteles, som tyskarane gjerne seier, framheva dette i skriftene sine om etikk og politikk.  Vi veit at Adam Smith var professor i moralfilosofi, og utdanninga av samfunnsøkonomar ved Universitetet i Oslo låg lenge under jussen og vart ikkje fullverdig 5-årig studium før i 1934.  Da eg såvidt putla med økonomikken tidleg i 1980-åra, hadde vi framleis den uutgrundelege gamle karakterskalaen til juristane med hundredelar.

Ein treng ikkje å ha lese Aristoteles for å meine at Robbins tok feil når han drog eit skarpt skilje mellom økonomikk og etikk. Dersom etikk handlar om korleis vi bør leve, er det eit spørsmål det er umogleg å drøfte lausrive frå dei materielle kår og tilhøve vi lever under.  På hi sida, er det ikkje nemnande rettleiing å finne verken hos Aristoteles eller Adam Smith når det gjeld dei ugreie globale økonomiske problema vi står overfor på 2020-talet. Rettleiing er det derimot i forfattarskapa dagens to bøker er henta frå.  Amartya Sen (f. 1933) og John Broome (f. 1947) er begge økonomar og etikarar i verdsklasse.  I staden for å kaste ut barnet – økonomikkens analyseapparat – med badevatnet, brukar dei dette analyseapparatet saman med etisk tenking til å forstå og opne opp handlingsrommet vårt andsynes kriser i tida, anten dette gjeld hungersnaud, fordeling, klimaendringar eller pandemiar.

 

 

Resiliens

Dag 7: 7 bøker, 7 bokomslag, 7 dagar, punktum.   KJEDELIG!!!  Det seier ungane når dei ser bøkene hans far.  Dei har kanskje rett, i alle høve når det gjeld NOUar.  For det å lese Norges offentlige utredninger, det er verkeleg keisamt det!  Formatet har heilt sidan den første i 1972 vore det same, sjølv om det rett nok har vorte fleire bilete og figurar med åra. A4 med to tettskrivne spalter på kvar side.  Tekstsidene er ikkje berre lange, dei er ofte også mange. Rekorden i «samlinga» mi har NOU 2004: 28. Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold.  (Naturmangfoldloven).  Siste paginerte side i denne blekka har nummer 823.   Men det finst også mykje gull blant NOUane.  Solid arbeid av trauste fagfolk som grunnlag for lover og utforming av politiske verkemiddel. Offentleg forvalting på sitt beste.

I 2014 fekk Morgenbladet det for seg å kåre dei 10 beste NOUane gjennom tidene. På det tidspunktet var det vel ein rundt 1500 forskjellige å velje mellom.   Øvst i kåringa trona NOU 2013:10.  Naturens goder – om verdier av økosystemtjenester.  Kva Morgenbladet la til grunn for dette, hugsar eg ikkje.  Eg har heller ikkje anna enn dimme minne om hovudinnhaldet i utgreiinga, men ut frå rablingar og griseøyro både her og der, har eg nok skumma over det meste.  Særleg har blikket festa seg ved eitt ord, for NOU 2013:10 er den einaste publikasjonen eg kjenner til på norsk der ordet resiliens har ein viss frekvens – 23 treff i web-versjonen.  Grunnen til det er kanskje at den svenske miljøøkonomen Karl-Göran Mäler sat i utvalet, for i Sverige er resiliens «stort».  I alle fall langt større enn hos oss, for dei har eit eige forskingssenter der, Stockholm Resilience Centre under Stockholm Universitetet.

Kva betyr resiliens?  På norsk er det vanleg å omsetje resiliens, eller rettare adjektivet resilient, med robust i tydinga hardfør eller slitesterk.   Men dette er dårleg latin, for i følgje Steinvik og Vandviks framifrå Latinsk ordbok tyder resilio «springa (fara) attende»/«spretta attende». Det som er robust er mest berre hardt og bestandig, det manglar elastisiteten, krafta og spensten til det som er resilient.  I samsvar med dette syner resiliens til evna noko har til å ta seg inn att – fara attende – etter påkjenningar.  Økosystem med høg resiliens tippar ikkje lett over,  og dei tek seg greitt inn att etter å ha vorte skipla.  Eit døme på dette er barskog etter hogst.  Regskogar, derimot, har låg resiliens.  Når dei først er nedhogne og jorda attpå til i nokre år utpint av einsidig jordbruk, er det berre busksteppa att.  Buskstepper, og i enda sterkare grad ørkenar, er på sine vis både robuste og resiliente biom.  Dei tippar ikkje lett over, men særleg fruktbare er dei ikkje.

Resiliens kan også med fordel bli brukt om sosiale- og økonomiske system, og eg tenkjer at resiliens er eit viktig omgrep å ha med ombord når verda skal reise seg frå kneståande etter koronaen. Vi treng ein grøn New Deal nå!   Så har eg to flogtankar til.  Første tankespranget går til Venabygdsfjellet og ei dump i skiløypa rundt Dynjefjell.  I botnen av denne dumpa er det spikra eit skilt på ei bjørk, og på dette skiltet står det Musefella.  Eg kan ikkje for det, men her eg sit og skriv denne stubben i staden for å gå på ski, assosierer eg musefella med Keynes og likviditetsfella. Ja, jamvel helikopterpengar.   Musefella – mene tekel!   Andre hugskotet går til Otto Neurath sitatet W.O. Quine gjev att fremst i Word and Object.   Det kling best på tysk: Wie Schiffer sind wir, die ihr Schiff auf offener See umbauen müssen, ohne es in einem Dock zerlegen und aus besten Bestandteilen neu errichten zu können.  (Vi har det som sjøfolk som må byggje om skipet deira på opne havet.   Utan nokon gong å kunne gå i dokk, ta det frå kvarandre og byggje det opp att på nytt frå dei beste delane.)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Poeten Immanuel Kant

 

Poeten Immanuel Kant

 

Woher wandelten wir wie Demokrit im leeren Raume, wohin uns die Schmetterlingsflügel der Metaphysik gehoben hatte, und unterhielten uns daselbst mit geistigen Gestalten.  Itzt, da die stiptische Kraft der Selbsterkenntnis die seidene  Schwingen zusammenzogen hat, sehen wir uns wieder auf dem niedrigen Boden der Erfahrung und des gemeinen Verstandes; Glücklich! wenn wir denselben als unseren angewiesenen Platz betrachten, aus welchem wir niemals ungestraft hinausgehen, und der auch alles enthält, was uns befriedigen kann, so lange wir uns am Nützlichen halten.

Immanuel Kant, Träume eines Geistersehers

 

 

Before we walked like Democritus in empty space, wither we had flown on the butterfly-wings of metaphysics, and there we had conversed with spiritual beings.  Now, since the sobering power of self-recognition has caused the silky wings to be folded, we find ourselves on the ground of the experience and common sense. Happily, if we look at it as the place allotted to us, which we never can leave with impunity, and which contains everything to satisfy us as long as we hold to the useful.

Immanuel Kant, Dreams of a Spirit-seer

 

 

Før vandra vi som Demokrit i tomme rommet, dit metafysikkens sommarfuglevengjer hadde lyfta oss, og der vi samtala med åndelege figurer.  Nå, som sjølverkjenningas reinsande kraft har falda silkevengjene saman, står vi på nytt på erfaringas og forstandens trauste grunn. Lukkelege kvar gong vi åtgår staden som er gjeven oss, og som vi aldri ustraffa kan gå bort ifrå.  Staden som inneheld alt som kan stette vår trong, så lenge vi held oss til det som er oss til gagn.

Immanuel Kant, Ein åndeskodars draumar

(Eiga fri omsetjing)

Bygdeallmenningane meir enn tømmer og bruksrett

Sæbjørn Forberg

Sekretær i Norsk Almenningsforbund

E-post: forberg@nalf.no

www.nalf.no

 

BYGDEALLMENNINGANE – MEIR ENN TØMMER OG BRUKSRETT

Norsk Almenningsforbund er samarbeids- og interesseorganisasjon for bygdeallmenningane.   I fjor runda organisasjonen 100 år, noko som gjev eit særleg høve til å løfte fram både Almenningsforbundet og bygdeallmenningane.

Kva er ein bygdeallmenning?

I Norge finst det i alt 52 bygdeallmenningar, der 40 av desse er organiserte i Norsk Almenningsforbund.  Bygdeallmenningane er jamt over store utmarkseigedommar, og vi finn 10 bygdeallmenningar på topp 40-lista over dei største eigedommane i landet. Medlemmane av Norsk Almenningsforbund rår over 7,3 millionar daa skog og utmark, eller eit areal likt gamle Vest Agder fylke.

Til forskjell frå statsallmenningane, er bygdeallmenningane private eigedommar som høyrer til  jordbruket i sine bygdelag. Bygdeallmenningane er matrikulerte som sjølvstendige eigedommar, men skyldsette saman med jordbrukseigedommane som har bruksrett i allmenningen.  Grunnverdiane i bygdeallmenningane ligg altså til jordbrukseigedommar med bruksrett.

Allmenningsbygdelaget omfattar krinsen av gardsbruk som frå  gammal tid har utøvd bruksrett i allmenningen. Legaldefinisjonen av bygdeallmenning seier at minst halvparten av desse må ha eigedomsrett i allmenningen.  Typiske bruksrettar, avgrensa til husbehovet, er rett til trevirke, beite, seter, fiske og småviltjakt.  Allmenningsrettane er omhandla allereie i landskapslovene frå mellomalderen og høyrer derfor til dei eldste rettsinstitutta vi har.

Allmenningsstyra har ansvar for forvalting og drift av bygdeallmenningane, og dei blir valde av og blant bruksrettshavarane.  I dag har 12600 jordbrukseigedommar bruksrett i bygdeallmenningane.  Medan fjellova gjev det overordna rammeverket for forvalting og drift av statsallmenningane, har bygdeallmenningsloven frå 1992 den tilsvarande rollen for bygdeallmenningane.

 

Det historiske opphavet

Dagens bygdeallmenningar er med nokre få unntak selde kongeallmenningar.  Ved innføringa av eineveldet i Danmark-Norge i 1660, var statsfinansane i ruin etter store låneopptak til mislykka krigføring.  Denne økonomiske misera  gav startskotet til dei store krongodssala dei neste 100 åra.  Mange allmenningar var blant krongodset som vart seld.  Med avbrot dei første tiåra etter 1814,  heldt sal av allmenningar fram til 1858, da det kom lovforbod mot slike sal.

Langt frå alle allmenningane vart selde direkte til bruksrettshavarane. Dei første kjøparane var ofte privatpersonar.  Etter ei tid som privatallmenningar, kom desse allmenningane ved sal eller utskifting over på hendene til  bruksrettshavarane. Det var spesielt skogsallmenningar på Austlandet og i Trøndelag som vart selde.  Derfor er det på Romerike, Hadeland, Toten, på austsida av Mjøsa, i Gudbrandsdalen og i Trøndelag dei fleste bygdeallmenningane ligg.  Kongeallmenningane som ikkje vart selde er dagens statsallmenningar.

 

Store verdiar

På grunn av lokal forankring blir verdiskapinga i bygdeallmenningane verande i allmenningsbygdene.   Særleg dei ressursrike allmenningane tilfører jordbruket årleg store verdiar i form av virkesrabatt og tilskot.  For medlemmane av Norsk Almenningsforbund utgjer dette for tida rundt 40 millionar kroner kvart år.  I tillegg kjem verdiane som blir skapte gjennom beite for 10 000 storfe og 70 000 sauer.  Lokalsamfunna og allmenta får dessutan årleg verdiar for minst 5 millionar ved tilrettelegging for jakt, fiske og friluftsliv.

I lang tid har bygdeallmenningane vore viktige lokale næringsaktørar.  Gjennom skogdrift og med eigne sagbruk har bygdeallmenningane skapt verdifull sysselsetjing i mange bygder.  I dag er den tradisjonelle skogsarbeidaren rasjonalisert bort, og mange allmenningssager er nedlagde eller fusjonert inn i større einingar.   Dette har ført til omstilling der byggevarehandel, eigedomsutvikling (spesielt hytteutbygging), biovarme og tilbod av jakt og fiske i seinare år har  vorte sentrale forretningsområde for allmenningane.

I tillegg til verdiar direkte målt i pengar, forvaltar bygdeallmenningane store miljøverdiar på ein langsiktig måte.  Dette gjeld alt frå biologisk mangfald, opplevingsverdiar knytt til friluftsliv og folkehelse, til karbonbinding i skog.  Ei fersk utrekning viser at nettotilveksten i allmenningsskogane kvart år bind karbon som svarar til utsleppa frå 350 000 privatbilar med køyrelengde 15000 km.

 

Framtida

Kva med framtida?  Bygdeallmenningane er del av jordbruket, og endringar i jordbruket slår derfor direkte inn i allmenningane. T.d. utfordrar bruksrasjonalisering og utstrekt jordleige bruksrettsforvaltinga, medan rovdyrpolitikken set beiteretten på prøve.  På den andre sida  er det grøne skiftet i ferd med å bli til handling, og det opnar mange moglegheiter for bygdeallmenningane.  Bygdeallmenning er dessutan ei godt utprøvd og vellykka form for lokal ressurs- og miljøforvaltning som mange kan ta lærdom av.  Bygdeallmenningane har både ei lang historie bak seg og ei spennande framtid framfor seg.

 

NALF 1side.pdf

Schønberg Erken om poteter

 

Klassikaren framfor alle andre blant norske kokebøker er Henriette Schønberg Erkens (1866-1953) Stor kokebok for større og mindre husholdninger frå 1914.  Boka er trykt i meir enn 200 tusen eksemplar fordelt på 20 opplag og fører oss grundig inn i  all matlaging, frå  brioche de foie gras og skilpaddesuppe til vassgraut av rug og steikt sild.   Haute cuisine og kvardagsmat hand i hand, med andre ord.  Alt utførleg gjort greie for, frå botnen og opp.

 

Poteter får også fyldig omtale hos Schønberg Erken.  Vi kan lese at gode poteter skal ha vere faste, tunge og ha høgt innhald av stivelse.  Skalet skal vere utan flekkar, glatt og jamt. ”En stivelsesrik potet blir ved kokningen fast og ”melen”, en dårlig potet derimot blir bløt og vassen”, slår Schønberg Erken fast med autoritet.   Dette er før dei såkalla kokefaste potetene med lågt tørrstoffinnhald si tid.

Stivelse- eller tørrstoffrike poteter sprekk lett i sund ved koking.  For å unngå dette, er det gode råd å hente hos Schønberg Erken.   Først skal vi børste og vaske potetene reine for jord.  (Dette er lenge før potetene vart mishandla til ferskvare ved vasking hos pakkeria, og sidan terroriserte i butikkane ved å bli lagra altfor varmt og lyst.)  Når potetene er reingjort, legg vi dei jamstore i kjelen og fyller på med kaldt vatn til vatnet så vidt står over potetene.   Før kokinga saltar vi vatnet med om lag to teskeier salt per liter vatn.   Sidan det er snakk om kvalitetspoteter med mykje stivelse, må vatnet koke opp langsamt.  Sjølve kokinga må også skje varsamt og med tilsyn, ”forat sprægningen av cellevæggene ikke skal foregaa for voldsomt og poteterne koke i stykker”.  Når potetene er kokte møyre, er det viktig å slå av alt vatnet og dampe dei tørre ”over ilden”, først eitt minutt med lokk på kjelen og deretter utan lokk.  ”Ryst gryten under dampningen”.    Til slutt får vi vite at potetene held på ”sin fulde næringsverdi” når dei blir kokte på denne måten.

 

Det høyrer med til biografien til Henriette Schønberg Erken at ho etter kvart busette seg i Vang ved Hamar, like ved der prestedottera Hanna Winsnes (1789-1872) skreiv si Lærebog i de forskjellige Grene af Husholdningen. Dette er kokeboka som for all framtid vart skriven inn i norsk skjønlitteratur av Arne Garborg.   Garborg melde boka i tidsskriftet Samtiden som ”ein roman”, der han harselerer over det sutlause og harmonisk hierarkiske hushaldet på prestegarden, frå han far sjølv soknepresten og huslyden hans, ned til ”folkene” og husdyra i fjøset.  ”Det er fred, stilhed, idyl; god mad og god samvittighed.  Der er julestemninger og søndagshumør”….. ”Man tager … tager … tager … og plages ikke af spørgsmålet om, hvor man skal tage det fra.  Thi verden er i orden” – ironiserer Garborg på lytefri dansk.  Sjå: http://www.bokselskap.no/boker/hannawinsnes/essay

 

 

I 1939 fekk Henriette Schønberg Erken reist ein minnestein over Hanna Winsnes ved det som i dag er Toneheim folkehøgskole.  Schønberg Erken var dessutan første kvinna som vart nominert som kandidat til Stortinget. I 1924 stod ho på sjuande plass på Bondepartiets valliste.

 

 

Nyrestaurert steinbu ved Forbergtjønnen

I sommar har den gamle steinbua ved Forbergstjønnen vorte restaurert.  Det er litt usikkert kor gamal bua er, men under restaureringsarbeidet kom det fram ein stein nedst i muren med nokre forbokstavar og eit årstal.  Dei to første sifra i årstalet er tydeleg 18.  Det siste sifferet er 7.  Spørsmålet er om det tredje sifferet er 2, 3, 5, eller 8. Ved å bruke kritt eller noko liknande, vil dette bli bestemt seinare.  Men mest sannsynleg er det snakk om 8, slik at bua vart mura i 1887.

Etter restaurering

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Før restaurering

 

Stein med initialar og årstal (1887?)

 

Steinbua vart sikkert mura som «anleggsbrakke» i samband med dambygging.  På Forbergtjønnen er det til saman tre oppsamlingsdammar for vatningsvatn.  I tillegg er det ein fjerde dam rett innanfor Fjuklia der Nørdre og Søre Fjuken fell ned mot bygda.  Denne dammen er klart den eldste, men vi har inga datering.  Mest sannsynleg vart han bygd ein eller annan gong tidleg på 1700-talet.

Dammane på Forbergstjønnen. Dammen som er i bruk er den i midten, slik han ser ut om hausten når tjørna er nedtappa

 

Steinbua ligg ved den fremste av demningane ved sjølve Forbergtjønnen.  På grunn av kort «arbeidsveg», er det grunn til å tru at denne dammen har om lag same alder som steinbua – altså seint 1880-tal.  Noko som talar for tidlegare datering, er at denne demningen har ei meir primitiv lukkemekanisme enn dei andre demningane.  I denne dammen er lukehuset mura i sjølve demningen.  Dei andre dammane har separate lukehus mura på innsida av demningen.

Steinbua ved fremste dammen

 

 

Inste dammen veit vi er frå 1801, for der er det reist ei steinhelle med årstal og initialane til dei som tok del i arbeidet.  Det heiter seg at denne dammen vart oppgjeven pga. lekkasje.

Inste dammen med årstalet 1801

 

Dammen i midten er framleis i bruk.  Årstalet 1900 er inngravert i mutteren på tappemekanismen.  I ein søknad til Landbruksdepartementet datert 1924, om tilskot til utbetring og høgding av dammen, står det at demningen vart påbygd i 1900.  Altså var det ein eldre dam på same stad før 1900.  Arbeida i 1900 vart visstnok leia av Østen Toresson Teigum, betre kjend som Kveinn Østen.  Han var fødd i 1833.  Søknaden til departementet i 1924 vart avslegen. (Lenke til bilete av Kveinn Østen https://digitaltmuseum.no/021016897948/fra-ofossen-ysteri-ca-1917)

 

Tappeluka med årstalet 1900 på mutteren

 

 

 

 

Ny damluke 2018. Delvis montert

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Pause i arbeidet med steinbua.  Frå venstre Kjell Magne Rustad, Per J. Forberg og Arne Berger

 

Nørdre og Søre Fjuken er kunstige bekkar.  Frå den regulerte tjørna går grova  først i naturleg far mot bygda.  I ei ur i bekkefaret ovanfor garden Skei, stikk Skeisfjuken ut og renn ned mot Bismo,   Resten av vatnet blir vendt søraustover med ei vassveit mot Forbergsgardane.

Veita som fører vatnet mot Nørdre og Søre Fjuken

 

Etter vel ein kilometer passerer vatnet gjennom den eldste dammen nesten framme på Bispberget. (Sjå ovanfor.)

 

Den eldste dammen rett innanfor Fjuklia

 

Vel gjennom dammen blir bekken delt i to like delar.  Nørdre Fjuken går til Mogard (Systun Forberg) og Nordigard Forberg.  Søre Fjuken renn ned mot Nordistun og Sygard Forberg.

Her blir det to fjukar, Nørdre og Søre Fjuken

 

Frå delinga går det merka stig gjennom Skåret ned mot Sygard Forberg og Ofossen.

Frå Skåret med utsyn austover mot Lom

 

Delingskasse.  Ca 120 høgdemeter over Ottaelva blir Sør Fjuken delt i like delar mellom Nordistun og Sygard Forberg.

Delingskasse på Svaet

 

 

Middel årsnedbør 277 mm. Utan kunstig vatning veks det ingenting i Skjåk

 

 

Sygard Forberg

 

https://www.google.com/maps/place/Forbergtjønnin/@61.9022786,8.291474,14.3z/data=!4m5!3m4!1s0x4614ff5b4ee73ff7:0xce86c2b638db2d6a!8m2!3d61.9023265!4d8.3005803

 

Poteter og filosofi

By Jane Fudyma

 

I september gjesta Jane Fudyma frå Utah, USA, oss i to veker, og da ho drog kvitterte ho opphaldet sitt med teikninga ”Potatoes and Philosophy”.  Ei vending som sikkert vart brukt fleire gonger i samtalane vi hadde laust og fast og høgt og lågt medan ho var i Skjåk.  For dette med poteter og filosofi kan stå som overskrift over det eg har halde på med dei siste 30-åra, eller så. Aksenten har rett nok i periodar lege på det eine ordet meir enn det andre; somtid mest filosofi og andre gonger – som nå om hausten – poteter.

 

Himmel og jord på vaklevore vis freista knytt i hop, med andre ord.  Potetene som matauk og jordnær påminning om conditio humana; altså menneskas grunnvilkår som endelege, sårbare og kroppslege eksistensar.  Og dessutan, poteter som åtvaring mot spekulativt å ta heilt av mot skyene, slik allereie Aristofanes åtvarar oss ved å skalkherme Sokrates.  Det komitragiske lurar jo alltid under den akademiske lærdomen, anten det nå blir tenkt altfor stort eller – som oftast – altfor smått.   ”I Egypt hadde guden for lærdom hovud som ei ape”, veit vi.    Men på hi sida, altfor smått blir det også berre å grave mellom potetene, gni på knollane og leggje dei i slike posar og sekkar som høver marknaden best.  Ein himmel lyt kvelve seg over fòrer og åker; ein himmel som gjev lyft og flog til tilværet, slik at vi kan skjøne samanhengar og presumptivt handle med vit.

 

Just det, og det er her filosofien kan kome til sin rett.  Påstand: Ingenting er så praktisk som god filosofi.   Da er vi i gang,  for påstandar krev jo grunngjeving: Kva er god filosofi? Tja, sei det, for det er når det kjem til stykket eit filosofisk spørsmål.  Eit svar som kan freiste er noko i retning av at god filosofi er gode svar på filosofiske spørsmål.  Men å svare slik er å begå ein dobbelt petitio, fordi dettesvaret på spørsmålet føreset dobbelt opp at spørsmålet allereie er besvart.  For kva er eit filosofisk spørsmål og kva er eit godt svar på eit filosofisk spørsmål?  Dette ballar seg til, så her gjeld det å manøvrere unna.  Redninga er kan hende ordet praktisk, for det er i all fall mi røynsle at filosofien er mest fruktbar i parlaup med andre fag og gjeremål. Slik som dyrking av poteter.

 

Men kva er gode poteter, har detspørsmålet eit svar?  For å svare på dette, må eg ta minst tre atterhald.  For det første kjenner eg til berre ein handfull av dei meir enn tusen ulike sortar solanis tuberosum.  For det andre har vi følgjespørsmålet godt til kva; det er ikkje sikkert at ei god potet til somt er ei god potet til noko anna. Til sist, og for det tredje,  kan visstnok ikkje smaken diskuterast, sjølv om det er nettopp det vi gjer det heile tida (performativ inkonsistens, gjeve premissen)!  Alle atterhald til sides; her er mitt svar:  Ei god potet skal utfordre kokk og kjøken ved å koke sund nærast utan forvarsel! Det er innhaldet av tørrstoff som gjeld når det kjem til potetkvalitet.  Såpass tykkjest dei som har greie på poteter å vere samde om.  Når vi så har ete godt og vel er mette, kan vi disputere de gustibusog andre spørsmål – filosofiske eller ikkje – som høyrer ”the cool hour” til.

 

Førebels konklusjon etter meir enn 30 års røynsle med poteter og filosofi blir derfor: Dei utfyller kvarandre på beste vis og begge kan brukast til (nesten) alt.