Nyrestaurert steinbu ved Forbergtjønnen

I sommar har den gamle steinbua ved Forbergstjønnen vorte restaurert.  Det er litt usikkert kor gamal bua er, men under restaureringsarbeidet kom det fram ein stein nedst i muren med nokre forbokstavar og eit årstal.  Dei to første sifra i årstalet er tydeleg 18.  Det siste sifferet er 7.  Spørsmålet er om det tredje sifferet er 2, 3, 5, eller 8. Ved å bruke kritt eller noko liknande, vil dette bli bestemt seinare.  Men mest sannsynleg er det snakk om 8, slik at bua vart mura i 1887.

Etter restaurering

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Før restaurering

 

Stein med initialar og årstal (1887?)

 

Steinbua vart sikkert mura som «anleggsbrakke» i samband med dambygging.  På Forbergtjønnen er det til saman tre oppsamlingsdammar for vatningsvatn.  I tillegg er det ein fjerde dam rett innanfor Fjuklia der Nørdre og Søre Fjuken fell ned mot bygda.  Denne dammen er klart den eldste, men vi har inga datering.  Mest sannsynleg vart han bygd ein eller annan gong tidleg på 1700-talet.

Dammane på Forbergstjønnen. Dammen som er i bruk er den i midten, slik han ser ut om hausten når tjørna er nedtappa

 

Steinbua ligg ved den fremste av demningane ved sjølve Forbergtjønnen.  På grunn av kort «arbeidsveg», er det grunn til å tru at denne dammen har om lag same alder som steinbua – altså seint 1880-tal.  Noko som talar for tidlegare datering, er at denne demningen har ei meir primitiv lukkemekanisme enn dei andre demningane.  I denne dammen er lukehuset mura i sjølve demningen.  Dei andre dammane har separate lukehus mura på innsida av demningen.

Steinbua ved fremste dammen

 

 

Inste dammen veit vi er frå 1801, for der er det reist ei steinhelle med årstal og initialane til dei som tok del i arbeidet.  Det heiter seg at denne dammen vart oppgjeven pga. lekkasje.

Inste dammen med årstalet 1801

 

Dammen i midten er framleis i bruk.  Årstalet 1900 er inngravert i mutteren på tappemekanismen.  I ein søknad til Landbruksdepartementet datert 1924, om tilskot til utbetring og høgding av dammen, står det at demningen vart påbygd i 1900.  Altså var det ein eldre dam på same stad før 1900.  Arbeida i 1900 vart visstnok leia av Østen Toresson Teigum, betre kjend som Kveinn Østen.  Han var fødd i 1833.  Søknaden til departementet i 1924 vart avslegen. (Lenke til bilete av Kveinn Østen https://digitaltmuseum.no/021016897948/fra-ofossen-ysteri-ca-1917)

 

Tappeluka med årstalet 1900 på mutteren

 

 

 

 

Ny damluke 2018. Delvis montert

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Pause i arbeidet med steinbua.  Frå venstre Kjell Magne Rustad, Per J. Forberg og Arne Berger

 

Nørdre og Søre Fjuken er kunstige bekkar.  Frå den regulerte tjørna går grova  først i naturleg far mot bygda.  I ei ur i bekkefaret ovanfor garden Skei, stikk Skeisfjuken ut og renn ned mot Bismo,   Resten av vatnet blir vendt søraustover med ei vassveit mot Forbergsgardane.

Veita som fører vatnet mot Nørdre og Søre Fjuken

 

Etter vel ein kilometer passerer vatnet gjennom den eldste dammen nesten framme på Bispberget. (Sjå ovanfor.)

 

Den eldste dammen rett innanfor Fjuklia

 

Vel gjennom dammen blir bekken delt i to like delar.  Nørdre Fjuken går til Mogard (Systun Forberg) og Nordigard Forberg.  Søre Fjuken renn ned mot Nordistun og Sygard Forberg.

Her blir det to fjukar, Nørdre og Søre Fjuken

 

Frå delinga går det merka stig gjennom Skåret ned mot Sygard Forberg og Ofossen.

Frå Skåret med utsyn austover mot Lom

 

Delingskasse.  Ca 120 høgdemeter over Ottaelva blir Sør Fjuken delt i like delar mellom Nordistun og Sygard Forberg.

Delingskasse på Svaet

 

 

Middel årsnedbør 277 mm. Utan kunstig vatning veks det ingenting i Skjåk

 

 

Sygard Forberg

 

https://www.google.com/maps/place/Forbergtjønnin/@61.9022786,8.291474,14.3z/data=!4m5!3m4!1s0x4614ff5b4ee73ff7:0xce86c2b638db2d6a!8m2!3d61.9023265!4d8.3005803

 

Poteter og filosofi

By Jane Fudyma

 

I september gjesta Jane Fudyma frå Utah, USA, oss i to veker, og da ho drog kvitterte ho opphaldet sitt med teikninga ”Potatoes and Philosophy”.  Ei vending som sikkert vart brukt fleire gonger i samtalane vi hadde laust og fast og høgt og lågt medan ho var i Skjåk.  For dette med poteter og filosofi kan stå som overskrift over det eg har halde på med dei siste 30-åra, eller så. Aksenten har rett nok i periodar lege på det eine ordet meir enn det andre; somtid mest filosofi og andre gonger – som nå om hausten – poteter.

 

Himmel og jord på vaklevore vis freista knytt i hop, med andre ord.  Potetene som matauk og jordnær påminning om conditio humana; altså menneskas grunnvilkår som endelege, sårbare og kroppslege eksistensar.  Og dessutan, poteter som åtvaring mot spekulativt å ta heilt av mot skyene, slik allereie Aristofanes åtvarar oss ved å skalkherme Sokrates.  Det komitragiske lurar jo alltid under den akademiske lærdomen, anten det nå blir tenkt altfor stort eller – som oftast – altfor smått.   ”I Egypt hadde guden for lærdom hovud som ei ape”, veit vi.    Men på hi sida, altfor smått blir det også berre å grave mellom potetene, gni på knollane og leggje dei i slike posar og sekkar som høver marknaden best.  Ein himmel lyt kvelve seg over fòrer og åker; ein himmel som gjev lyft og flog til tilværet, slik at vi kan skjøne samanhengar og presumptivt handle med vit.

 

Just det, og det er her filosofien kan kome til sin rett.  Påstand: Ingenting er så praktisk som god filosofi.   Da er vi i gang,  for påstandar krev jo grunngjeving: Kva er god filosofi? Tja, sei det, for det er når det kjem til stykket eit filosofisk spørsmål.  Eit svar som kan freiste er noko i retning av at god filosofi er gode svar på filosofiske spørsmål.  Men å svare slik er å begå ein dobbelt petitio, fordi dettesvaret på spørsmålet føreset dobbelt opp at spørsmålet allereie er besvart.  For kva er eit filosofisk spørsmål og kva er eit godt svar på eit filosofisk spørsmål?  Dette ballar seg til, så her gjeld det å manøvrere unna.  Redninga er kan hende ordet praktisk, for det er i all fall mi røynsle at filosofien er mest fruktbar i parlaup med andre fag og gjeremål. Slik som dyrking av poteter.

 

Men kva er gode poteter, har detspørsmålet eit svar?  For å svare på dette, må eg ta minst tre atterhald.  For det første kjenner eg til berre ein handfull av dei meir enn tusen ulike sortar solanis tuberosum.  For det andre har vi følgjespørsmålet godt til kva; det er ikkje sikkert at ei god potet til somt er ei god potet til noko anna. Til sist, og for det tredje,  kan visstnok ikkje smaken diskuterast, sjølv om det er nettopp det vi gjer det heile tida (performativ inkonsistens, gjeve premissen)!  Alle atterhald til sides; her er mitt svar:  Ei god potet skal utfordre kokk og kjøken ved å koke sund nærast utan forvarsel! Det er innhaldet av tørrstoff som gjeld når det kjem til potetkvalitet.  Såpass tykkjest dei som har greie på poteter å vere samde om.  Når vi så har ete godt og vel er mette, kan vi disputere de gustibusog andre spørsmål – filosofiske eller ikkje – som høyrer ”the cool hour” til.

 

Førebels konklusjon etter meir enn 30 års røynsle med poteter og filosofi blir derfor: Dei utfyller kvarandre på beste vis og begge kan brukast til (nesten) alt.