Sæbjørn Forberg
Sekretær i Norsk Almenningsforbund
E-post: forberg@nalf.no
www.nalf.no
BYGDEALLMENNINGANE – MEIR ENN TØMMER OG BRUKSRETT
Norsk Almenningsforbund er samarbeids- og interesseorganisasjon for bygdeallmenningane. I fjor runda organisasjonen 100 år, noko som gjev eit særleg høve til å løfte fram både Almenningsforbundet og bygdeallmenningane.
Kva er ein bygdeallmenning?
I Norge finst det i alt 52 bygdeallmenningar, der 40 av desse er organiserte i Norsk Almenningsforbund. Bygdeallmenningane er jamt over store utmarkseigedommar, og vi finn 10 bygdeallmenningar på topp 40-lista over dei største eigedommane i landet. Medlemmane av Norsk Almenningsforbund rår over 7,3 millionar daa skog og utmark, eller eit areal likt gamle Vest Agder fylke.
Til forskjell frå statsallmenningane, er bygdeallmenningane private eigedommar som høyrer til jordbruket i sine bygdelag. Bygdeallmenningane er matrikulerte som sjølvstendige eigedommar, men skyldsette saman med jordbrukseigedommane som har bruksrett i allmenningen. Grunnverdiane i bygdeallmenningane ligg altså til jordbrukseigedommar med bruksrett.
Allmenningsbygdelaget omfattar krinsen av gardsbruk som frå gammal tid har utøvd bruksrett i allmenningen. Legaldefinisjonen av bygdeallmenning seier at minst halvparten av desse må ha eigedomsrett i allmenningen. Typiske bruksrettar, avgrensa til husbehovet, er rett til trevirke, beite, seter, fiske og småviltjakt. Allmenningsrettane er omhandla allereie i landskapslovene frå mellomalderen og høyrer derfor til dei eldste rettsinstitutta vi har.
Allmenningsstyra har ansvar for forvalting og drift av bygdeallmenningane, og dei blir valde av og blant bruksrettshavarane. I dag har 12600 jordbrukseigedommar bruksrett i bygdeallmenningane. Medan fjellova gjev det overordna rammeverket for forvalting og drift av statsallmenningane, har bygdeallmenningsloven frå 1992 den tilsvarande rollen for bygdeallmenningane.
Det historiske opphavet
Dagens bygdeallmenningar er med nokre få unntak selde kongeallmenningar. Ved innføringa av eineveldet i Danmark-Norge i 1660, var statsfinansane i ruin etter store låneopptak til mislykka krigføring. Denne økonomiske misera gav startskotet til dei store krongodssala dei neste 100 åra. Mange allmenningar var blant krongodset som vart seld. Med avbrot dei første tiåra etter 1814, heldt sal av allmenningar fram til 1858, da det kom lovforbod mot slike sal.
Langt frå alle allmenningane vart selde direkte til bruksrettshavarane. Dei første kjøparane var ofte privatpersonar. Etter ei tid som privatallmenningar, kom desse allmenningane ved sal eller utskifting over på hendene til bruksrettshavarane. Det var spesielt skogsallmenningar på Austlandet og i Trøndelag som vart selde. Derfor er det på Romerike, Hadeland, Toten, på austsida av Mjøsa, i Gudbrandsdalen og i Trøndelag dei fleste bygdeallmenningane ligg. Kongeallmenningane som ikkje vart selde er dagens statsallmenningar.
Store verdiar
På grunn av lokal forankring blir verdiskapinga i bygdeallmenningane verande i allmenningsbygdene. Særleg dei ressursrike allmenningane tilfører jordbruket årleg store verdiar i form av virkesrabatt og tilskot. For medlemmane av Norsk Almenningsforbund utgjer dette for tida rundt 40 millionar kroner kvart år. I tillegg kjem verdiane som blir skapte gjennom beite for 10 000 storfe og 70 000 sauer. Lokalsamfunna og allmenta får dessutan årleg verdiar for minst 5 millionar ved tilrettelegging for jakt, fiske og friluftsliv.
I lang tid har bygdeallmenningane vore viktige lokale næringsaktørar. Gjennom skogdrift og med eigne sagbruk har bygdeallmenningane skapt verdifull sysselsetjing i mange bygder. I dag er den tradisjonelle skogsarbeidaren rasjonalisert bort, og mange allmenningssager er nedlagde eller fusjonert inn i større einingar. Dette har ført til omstilling der byggevarehandel, eigedomsutvikling (spesielt hytteutbygging), biovarme og tilbod av jakt og fiske i seinare år har vorte sentrale forretningsområde for allmenningane.
I tillegg til verdiar direkte målt i pengar, forvaltar bygdeallmenningane store miljøverdiar på ein langsiktig måte. Dette gjeld alt frå biologisk mangfald, opplevingsverdiar knytt til friluftsliv og folkehelse, til karbonbinding i skog. Ei fersk utrekning viser at nettotilveksten i allmenningsskogane kvart år bind karbon som svarar til utsleppa frå 350 000 privatbilar med køyrelengde 15000 km.
Framtida
Kva med framtida? Bygdeallmenningane er del av jordbruket, og endringar i jordbruket slår derfor direkte inn i allmenningane. T.d. utfordrar bruksrasjonalisering og utstrekt jordleige bruksrettsforvaltinga, medan rovdyrpolitikken set beiteretten på prøve. På den andre sida er det grøne skiftet i ferd med å bli til handling, og det opnar mange moglegheiter for bygdeallmenningane. Bygdeallmenning er dessutan ei godt utprøvd og vellykka form for lokal ressurs- og miljøforvaltning som mange kan ta lærdom av. Bygdeallmenningane har både ei lang historie bak seg og ei spennande framtid framfor seg.