Den 5. juli 2025 var eg invitert av Gudbrandsdalsmusea til å halde føredrag i Glømsdalsstugu oppi Presthaugen i Lom. Arbeidstittel på føredraget var “Stad, erfaring og historie”. Resultatet vart kanskje noko anna, med tittel “Om å varde ein veg til seters”. Dessutan gav “vardinga” og vandringa høve til litt sjølvrefleksjon i høve alderen. Derfor undertittelen “Posisjonar ved fylte 65”.
